Diskusjonsforum ved UiO » Det juridiske fakultet » Rettsvitenskap, spørsmål og kommentarer

Thread: Retterett og retteplikt som alminnelig obligasjonsrettslig prinsipp



Permlink Replies: 1 - Last Post: 18.apr.2016 10:22 Last Post By: Kåre Lilleholt Threads: [ Previous | Next ]
nathaliu

Posts: 2
Registered: 28.10.14
Retterett og retteplikt som alminnelig obligasjonsrettslig prinsipp
Posted: 15.apr.2016 11:13
  Click to reply to this thread Reply
Mitt spørsmål er om retteretten og rettepikten gjelder som obligasjonsrerettslige prinsipper?
Hvordan lyder i så tilfellet disse?
Kåre Lilleholt

Posts: 173
Registered: 07.09.09
Re: Retterett og retteplikt som alminnelig obligasjonsrettslig prinsipp
Posted: 18.apr.2016 10:22   in response to: nathaliu in response to: nathaliu
  Click to reply to this thread Reply
Såg ikkje innlegget før no, derfor litt seint svar.

Stort sett kan vi ikkje rekne med å finne sikre formuleringar av "allmenne obligasjonsrettslege prinsipp". Hos oss har vi lite av generell lovregulering av kontraktsretten og obligasjonsretten (vi har inga sivillovbok). Går vi nokre tiår tilbake, måtte dei fleste spørsmåla på området løysast utan stønad i lov. I dag har vi etter kvart fleire kontraktslover, og løysingane der påverkar også løysingane for dei kontraktstypane og dei generelle spørsmåla som ikkje er lovregulerte. Det blir eit samspel mellom lov og ulovfesta reglar. Både lovgjevinga og den ulovfesta retten har normer og synspunkt av meir eller mindre generell karakter (altså ikkje berre knytte til eit avgrensa spørsmål). Helst er det slikt Høgsterett og andre siktar til med uttrykk som "allmenne obligasjonsrettslege prinsipp" o.l.

At den mishaldande parten kan avskjera mishaldsverknader ved retting eller omlevering (avhjelp), går igjen i det meste av kontraktslovgjevinga, og det er nok eit synspunkt som ofte kan leggjast til grunn også utaanom dei lovregulerte tilfella.

Avhjelp som mishaldsverknad (altså krav på avhjelp) er litt meir komplisert. Slike krav står i nær samanheng med kravet på primærytinga ("naturaloppfylling"). Hos oss er utgangspunktet at kreditor har eit slikt krav, innanfor visse grenser. Samtidig er det nokså upraktisk med tvangsfullføring i dei aller fleste tilfelle. Krav på retting er etter kvart nokså vanleg i lovgjevinga, men det må vurderast nærare kor godt det passar i tilfelle som ikkje er lovregulerte (og det heller ikkje kontraktsfesta eller følgjer av fast praksis).