Diskusjonsforum ved UiO » Språkforum

Thread: All - bunden og ubunden form



Permlink Replies: 3 - Last Post: 08.mar.2011 15:15 Last Post By: Svein Lie
chrhst

Posts: 5
Registered: 29.10.10
All - bunden og ubunden form
Posted: 03.mar.2011 20:54
  Click to reply to this thread Reply
Det ubundne promomenet all ser ut til å ymsa ein del når gjeld om det skal vera bunden eller ubunden form av substantivet som kjem etter. Finst det nokre ålmenne reglar her - eller ligg det kort og godt oftast tydingsskilnader i valet mellom bunden og ubunden form?

Eit konkret døme: om ein skulle laga ei lista over alle (under)sidone på ein nettstad, ville det vore rettast/meir naturleg med anten alle sider eller alle sidene som overskfrift? Eller er dette ei smakssak?
Svein Lie

Posts: 43
Registered: 12.10.09
Re: All - bunden og ubunden form
Posted: 07.mar.2011 13:37   in response to: chrhst in response to: chrhst
  Click to reply to this thread Reply
Det er rett at etter alle kan ein ha både bestemt og ubestemt form av substantivet. Når ein meiner alle utan unntak, dvs. med det vi gjerne kallar generisk tyding, så bruker vi helst ubestemt form: Alle sauer har ull. Men om det gjeld ei avgrensa mengde, bruker vi helst bestemt form: Alle sauene var i sauefjøset. Du har eksemplet alle sider/sidene. Om dette er del av ei setning, f.eks. Alle sidene på nettet er lagde inn av meg, så ville eg meine at bestemt form er best, men ubestemt form er heller ikkje heilt umogleg: Alle sider på nettet er lagde inn av meg. Men så kjem det noko anna til, for det verkar som du vil ha dette som overskrift, og da blir det vel mest naturleg med ubestemt form: Alle sider. I ei bok vil vi jo gjerne bruke overskrifter som Innhald eller Referansar, ikkje Innhaldet eller Referansane.
chrhst

Posts: 5
Registered: 29.10.10
Re: All - bunden og ubunden form
Posted: 07.mar.2011 16:34   in response to: Svein Lie in response to: Svein Lie
  Click to reply to this thread Reply
Tankegangen er då altso at all er «nøytralt» og aldri vil verka på substantiva som kjem etterpå. (ein av skilnadene mellom innhald og alle sider er jo nettopp at det finst eit pronomen i sistnemnde)

Om eg tolkar ordboka til dokumentasjonsprosjektet rett, er all eit ubunde pronomen. Finst det bundne pronomen?

For å skifta til eit emne som liknar det opphavlege: kva med bunden form av superlativ, og substantivet som kjem etter? Eg ser at I. Aasen skreiv i Norsk Grammatik at:

Imidlertid er der adskillige Tilfælde, hvor Artikelen (den) kan bortfalde, men Adjektiv og Substantiv bliver staaende i den bestemte Form. Dette finder Sted: 1) ved de Adjektiver, som kun bruges i bestemt Form (§ 187), f. Ex. same Dagen, fyrre Dagen, femte Dagen, høgre Foten, øvre Vegen; 2) ved Superlativer, som: fyrste Dagen, beste Tidi, lengste Vegen, tettaste Skogen, høgste Topparne [...]

Er ikkje det mest naturleg då at ein tittel då òg ville halda på syntaksen? Til dømes: fyrste sida, nyaste sidene, siste endringane osb. som titlar (anten for sider eller lenkjer)?

Innlegget er endret av: Christoffer Hjeltnes Støle
Svein Lie

Posts: 43
Registered: 12.10.09
Re: All - bunden og ubunden form
Posted: 08.mar.2011 15:12   in response to: chrhst in response to: chrhst
  Click to reply to this thread Reply
Om ubundne pronomen:
Ja, all blir tradisjonelt kalla ubunde pronomen. Slik er det ikkje berre i Norge, men og i Danmark, Sverige, England osv. Kvifor det blir kalt ubunde (eller ubestemt), kan ein jo lure på, men tanken er vel at desse orda har ein meir ubunden referanse enn personlege pronomen, refleksive pronomen, peikande pronomen o.a. - I Norsk referansegrammatikk blir dei ikkje kalla pronomen, men determinativ, av undergruppa kvantorar.

Til det med bestemt/ubestemt i overskrifter:
Her er det vel ingen klare reglar, men det er nok ein tendens til at ein her brukar ubestemt form. Om du går inn på startsida for UiO, så kan du der klikke deg vidare til bl.a. Studier, Forskning, Personer, Enheter osv., dvs. stort sett berre ubestemt form. Men om du sjølv helst vil ha bestemt form på dine vevsider, så kan du vel godt ha det - det er du som er vevmeister.